JULEAVSLUTNING FOR ALLIDRETT/FOTBALL 2017

Søndag 3 desember var det tid for juleavslutning med allidretten og fotball-borna tom.12 år.

Me starta med felles innmarsj inn i hallen slik at alle fekk sjå dei spreke borna som er med i Orre IL.

Me enda opp i midten av hallen der me stilde opp lagvis til felles oppvisning med sang og dans til “Stopp, ikkje mobb!”. Viktige ord å ta med seg.

4 og 5 åringane dansa og sang med til to sanger dei hadde øvd inn på førehand. Pingvindansen og boogieboogie. Dei minste på 1-3 år, sjarmørgruppa, viste fram hode-skulder-kne og tå, og sangleik med fallskjerm. Kjempeflinke born og god stemning.

Adventslysa blei tent og versa blei lest opp av fire kjempeflinke og tøffe små jenter.

Fotball-borna blei ropt opp lagvis og fekk diplomer for sesongen og utmerkelser.

Deretter fekk komiteen, trenere og andre som fortjener det, ein oppmerksomhet med ein blomst som takk for innsatsen. 

Etter premieutdelinga åpna me opp for graut-/saft-/kaffi- og loddsalg. Det var nok graut så alle fekk tilbud om gratis påfyll.

Alle lodda blei solgt! Stor spenning. Mange flotte gevinster fekk nye eigara. Bl.a. leiker, gavekort på kalkun sponsa av coop prix, neglebehandling sponsa av Silje Helleren, klyppekort i symjehallen, blomster.

Heilt til slutt kom Gråtass, med nissane baki, kjørande inn døra. Dei hadde med seg snopeposer til alle borna. Kjempestas!

Me blei leia gjennom programmet av den erfarne og rutinerte speakeren, Vidar Haugland. 

 

Allidretts-komiteen ynskjer å få takka alle som var med og hjelpte til både før, under og etter arrangementet. For ein innsats, og for ein fest! 

 

Heia Orre!



 



  • Av Orre idrettslag
  • |
  • 04-12-2017