Ny trener A-lag

Olav Wiig ny hovudtrener for A-laget

Årets sesong er godt i gang og me har i skrivande stund spelt 5 seriekampar. Tre tap, to seirar og dermed 6 poeng så langt er under vårt mål om å liggja i toppen av 5. divisjon. Mykje små marginar, men sist kamp var ein herlig 3-0 seier over Dirdal borte etter mykje godt spel. Håper det kan væra teikn på auka poengfangst framover. Me har ein god tropp på 22 spelarar med godt frammøte og innsats på treningar. Når prestasjonen og samspelet nå sit betre, skal det verta mange jille kampar utover i sesongen.

Vår nye trenar, Øystein Nygård som kom i vinter, trakk seg overraskande etter kun tre seriekampar. Olav Wiig har overtatt som spelande hovudtrenar og vil i første omgang ha den rolla fram til ferien. Han har med seg Olav Erga som spelande assisterande trenar og Vidar Haugland og Jan Magne Erga som medhjelparar i trenarteamet. Olav Wiig vart i vinter valt som kaptein og er vant med å ta ansvar og jage laget til innsats. Hovudtrenar vert ei ny rolle for han. Han har hatt ein travel start, då han også har fungert som reservekeeper for Morten Ellingsen som har vore bortreist et par kampar. Morten var på plass igjen mot Dirdal og skal ha mykje av æra for at me ikkje slapp inn mål.

Scoringsklubben til A-laget har i år rekordoppslutning. Heile 168 medlemmer er med. Måltipsa varierar frå 23 til 78 scora mål, med eit snitt måltips på 44 mål. Medlemmane er med i trekning av kjekke gåvekort og kan kosa seg med gratis kaffi og lappar på heimekampane. Me set stor pris på at så mange støtter opp om laget, både i scoringsklubben og trufast kjem og heier laget fram på kamp.

Heia Orre!

Vidar Haugland, kontaktperson A-laget.

 



  • Av Orre idrettslag
  • |
  • 01-06-2017